Postadresse:
Kristen Muslimmisjon
Postboks 212
3571 Ål

Telefon: 911 50 344
Bank: 8220.02.19720

Asaf si livserfaring

Av David Svensen, kretssekretær i Kristen Muslimmisjon

Salm. 73,28: Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren Herren for å fortelja alle dine gjerningar.

Her summerer Asaf si livserfaring, og mange kjenner seg att. Asaf såg og visste at Gud er god, men det var mot andre, til og med dei ugudelege hadde det betre enn han!

På livsvandringa mi har eg møtt fleire slike, økonomien rauk, helsa svikta, vanskar i familien og meir til, endar med eit hjartesukk: Det var ikkje slik eg hadde tenkt det. Slik og for Asaf, kan Gud ha gløymd han? Kor er Gud i dette? Asaf ser på Israel, han ser på dei andre, og seg sjølv, men får ikkje svar. Fokuset var feil, forandringa kom då han gjekk inn i Guds heilagdomar, då fekk han det svaret ingen andre kunne gje. Inn i Ordet, der Ordet blir forkynt, der Ordet blir forklara. På ny må han erkjenna noko: Eg skjøna ingenting! Her er det berre Guds Ord og Anden som kan gje svar. Og Asaf fekk svar.

Han som mest hadde glidd bort frå Gud, til ein dom, fekk framtid og von. Han fekk det himmelske overlyset, der mismot blei visshet, klage blei lovsong. Her fekk Asaf noko å leva på, noko å døy på, og noko å vitna om. Herren hadde gripe hans høgre hand: Han var ikkje åleine. Slik har Guds born det. Dei leitar ikkje etter svar hjå ”alle andre”, dei går inn i Guds heilagdomar, og Herren gir svar.

Gå og fortel om Hans gjerningar, og kvil sjølv i dei: Det var en som var villig å dø i mitt sted, for at jeg skulle leve ved ham. Ja, til korset Han gikk hvor Han kjøpte meg fred, da Han sonet min synd, det Guds Lam.

Frivillig forkynner og informasjonsmedarbeider, Hans-Henrik Brix er ansvarlig for oppdatering av andakter på denne siden.