Postadresse:
Kristen Muslimmisjon
Postboks 212
3571 Ål

Telefon: 911 50 344
Vipps: 89321
Bank: 8220.02.19720

Håpets melodi

Andakten for august er skrevet av Peder Almedal 

Eg har hatt stor glede av å sjå den svenske songevangelisten Donald Bergagård på TV. Han hadde tidlegare ein programserie som han kalla Hoppets Melodi. Er det noko vi treng å oppmuntre kvarandre med, så er det dette. Vi må setje mot i kvarandre med å minne om håpet! Det finst nemleg eit ord som kan hjelpe! Både i dagleglivet sine mangfoldige utfordringar, i sjukdom og i alle andre problem vi kan nemne. Gud har talt. Og gjennom det han har sagt og gjort, kan vi ha eit godt håp om seier i livet og seier i døden saman med han! Håpet gir oss mot i kvardagsliv og teneste.

Det kristne håpet skil seg frå alt anna vi kallar håp i denne verda. Det levande håpet (1. Pet 1,3-5) er berre for dei som trur på Jesus. Dei som ikkje er kristne, eig ikkje dette håpet som vi talar om nå. Og vi ønskjer vel ikkje at dei ikkje skal vite om det – at dei skal leve i eit bedrag?

Romarbrevet kan oppsummerast med orda frå 15,13: «Må så Gud som gjev vona, fylla dykk med glede og fred i trua, så de kan vere rike på von ved Den Heilage Andes kraft».

Verken jøden (Rom 1) eller heidningen/ikkje-jøden (Rom 2) kunne bli rettferdig for Gud i seg sjølv. Nei, det finst ingen rettferdig, ingen som søkjer Gud. Men evangeliet er at vi blir rettferdiggjort ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus. (Rom 3,24). Sameleis er det når det gjeld helginga (Rom 6-8). Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. Då gir det nytt håp å lytte til Rom 8 der Gud forkynner at «det som var umogleg for lova, fordi ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud». Vi vil så gjerne prestere, men Gud seier at håpet ligg i det ufortente verket på Golgata.

Det kristne håpet er ikkje minst retta mot noko som skal skje ein gong i framtida. Den kristne ber difor på ein djup lengt og eit inderleg ønskje om å nå dette store. Måtte det fylle oss med iver etter å kome dit, iver etter å få andre med oss og ei useieleg takk for håpet.

«Det eneste håp det er at nåden gjelder, at det er Kristi frelsesverk som teller».